Home Hjem

Hjem

Grunnskuleveka 2003 vart markert i alle klasser ved Gol skule. Ei stilfull opning, med underskriving av manifest mot mobbing, vart etterfølgd av aktivitetsløype (med lommelykt), teater, og masse kaker, bollar og brus.

Eit artig innslag var at alle elevar og foreldre ved skulen var med og knytte eit lappeteppe med kvar si tøystrimle.
Vi kjem straks att med fleire bilete frå veka!

Noreg rundt på 21 dagar

Alle elevane ved Gol skule er i veke 44 – 46 med på prosjektet Noreg rundt på 21 dagar. Heimane har fått skriv om opplegget som set fokus på fysisk aktivitet, trivsel og sunt kosthald. Fredag 31/10 fekk skulen besøk av folk frå Idrettssenteret i Sogndal, som laga ein reportasje i samband med opplegget.